Saturday 26 November 2011

VRANGFORESTILLING

fotograf: Patrick Beelaert


velkomen til
VRANGFORESTILLINGtre soloar koreografert og dansa av:Sigrid Marie Kittelsaa Vesaas (Vinje), Ann-Christin Berg Kongsness (Porsgrunn) og Marte Reithaug Sterud (Hamar).

FØR DET ER FOR SEINT
Trass Berg Kongsness relativt vesle hovud, brygger ho på store mengder interessante konspirasjonsteoriar . Vrangast av alle, vrir og vrenger ho på vranga. Korpset styrtar deg baki nakken, og dådyrblikket slår deg i bakken.

POTETGULLPUTE
Kittelsaa Vesaas blir teke med buksene nede, der ho står solo utan makker.Tissetrengt og tyst, formidlar ho kjensla av å ha ein potetgullpose som pute. Dansen er vrang og fin, men Kittelsaa Vesaas prøvar ikkje å vera vakker.

I TIDE OG UTIDE
Reithaug Sterud krympar litt etter litt, og røykhosta blei med draumen. Reithaug Sterud vil, i motsetning til Bjella, bli ein innegubbe. Med mange versjonar av å gå frå sin eigenskugge. Så stilig med 90 tallets dansar-sveis, at publikum får lyst til å lugge.

Dansekunstnarane har delt prosess, rom og deodorant. Ved å ha kvarsitt prosjekt på gang simultant i same rom, fargar det kvarandres prosess, samstundes som det klargjer skilnadene. Ved å jobbe saman og gje kvarandre friksjon,utan å ha makt over kvarandre. Slik har dei sluppe å vore aleine i prosessen, men utan å måtte gå på kompromiss.For å samarbeide er jau noko dritt og eit mareritt.

Kjønnsuttrykk blir ikkje behandla som eit eksplisitt tema i nokon av forestillingane, men det er ein grunnleggande interesse for alle tre, som alltid er til stades. Det er altså ikkje noko me bevisst har fokus på i våre kunstneriske prosessar, men som publikum tenker mykje på når me stend på scenen. Dette opplever me som ein fin måte å ta opp spørsmål rundt kjønn: Ved å ta mangfold innanfor kjønnsuttrykk som sjølvsagt, og heller ha søkeljoset på andre tema, insisterar me på å normalisere dette mangfaldet.

29.- 30.november og 1.desember kl 19.00
Billettar i døra 75 kr . Kun kontantar.
Eventuelt gjenytingar.
Scenehuset, Bogstadveien 49OSLO


Ver vrang og kom!

MvhSigrid Marie Kittelsaa Vesaas, Ann-Christin Berg Kongsness og Marte Reithaug Sterud

No comments:

Post a Comment