Thursday 8 March 2012

Vrangforestilling!!




Vrangforestillingas fyrste møte med publikum var i Nov/Des 2011 på Scenehuset i Oslo. Framtidsdansen fortset, og
medan du les dette, er dansekunstnerane i Trondheim og leitar etter nye dimensjonar. Du veit ikkje kva framtida vil bringe, men det er ein anbefaling å bringe seg sjølv til Scenehuset 9.-10. mars.
fotograf: Patrick Beelaert

VERK
Trass Berg Kongsness relativt vesle hovud, brygger ho på store mengder interessante konspirasjonsteoriar .
Vrangast av alle, vrir og vrenger ho på vranga. Korpset styrtar deg baki nakken, og dådyrblikket slår deg i bakken.

POTETGULLPUTE
Kittelsaa Vesaas blir teke med buksene nede, der ho står solo utan makker.
Tissetrengt og tyst, formidlar ho kjensla av å ha ein potetgullpose som pute.
Dansen er vrang og fin, men Kittelsaa Vesaas prøvar ikkje å vera vakker.

GRØNSKE
Reithaug Sterud krympar litt etter litt, og røykhosta blei med draumen.
Reithaug Sterud vil, i motsetning til Bjella, bli ein innegubbe. Med mange versjonar av å gå frå sin eigen
skugge. Så stilig med 90 tallets dansar-sveis, at publikum får lyst til å lugge.



Dansekunstnarane har delt prosess, rom og deodorant. Ved å ha kvarsitt prosjekt på gang simultant i same rom,
fargar det kvarandres prosess, samstundes som det klargjer skilnadene. Ved å jobbe saman og gje kvarandre friksjon,
utan å ha makt over kvarandre. Slik har dei sluppe å vore aleine i prosessen, men utan å måtte gå på kompromiss.
For å samarbeide er jau noko dritt og eit mareritt.

Kjønnsuttrykk blir ikkje behandla som eit eksplisitt tema i nokon av forestillingane, men det er ein grunnleggande interesse for alle tre, som alltid er til stades. Det er altså ikkje noko me bevisst har fokus på i våre kunstneriske prosessar, men som publikum tenker mykje på når me stend på scenen. Dette opplever me som ein fin måte å ta opp spørsmål rundt kjønn: Ved å ta mangfold innanfor kjønnsuttrykk som sjølvsagt, og heller ha søkeljoset på andre tema, insisterar me på å normalisere dette mangfaldet.

9.-10. mars kl 19.00
Billettar i døra 100 kr . Kun kontantar. Eventuelt gjenytingar.
Scenehuset, Bogstadveien 49
OSLO

http://kart.gulesider.no/



Ver vrang og kom!

Mvh
Sigrid Marie Kittelsaa Vesaas, Ann-Christin Berg Kongsness og Marte Reithaug Sterud

No comments:

Post a Comment